fredag 6. april 2012

Redesign- endeleg i gang


Hei igjen



Etter mange rundar i tenkeboksen og søk på nettet er eg til slutt komen fram til kva eg vil redesigne. Tankane har svirra kring sying av veske av dongeri, sy om ein strikkagensar til barnekle, sy om kle generelt, laging av stålampe, lage in ny skjerm til ein hengelampe. Sy lappeteppe/Quilte, av for små kle var eit anna emne eg ”diskuterte” med meg sjølv. Problemet mitt var at ingenting eigentleg fenga meg, og eg fann ikkje tekstilar eg likte til dei ulike prosjekta eg tenkte på. Bruktbutikk har vi ikkje, så desse prosjekta har eg lagt vekk.



Starta så i den andre enden, - med å søke på nettet, under design eller designar, og har blada meg gjennom mange sider over lengre tid. I løpet av denne prosessen har eg etter kvart nærma meg det eg vil forsetje med;  Eg skal fikse opp ein stol!
Eg har to gode kandidatar å velje mellom (eigne foto):



Tidlegare var den blå stolen berre brun med lakk, men for ca 20 år sidan vart den måla blå. Setet fekk då eit mønstrete stofftrekk. Trekket vart etter kvart utslite og fjerna, og stolen hamna på låven. Den andre har vore på loftet i påvente av betre dagar og betre look. Med tanke på at eg skal frakte med meg stolen til skulen når den er ferdig vel eg å redesigne den blå ”kjøkkenstolen”.

Litt om stolen: Den er produsert på Sandane,av Hans Skram (1889-1966). Han hadde stolproduksjon til leveveg og dreiv fabrikk heime ca i åra 1930-1960. Han var utdanna bygningsmann og møbelsnikkar, og dreiv også med noko treskjering. Før han starta med møbelproduksjon dreiv han som bygningsmann og teikna også hus og småmøblar for andre. Han hadde ikkje veg opp til huset, berre ein bratt sti. All materialen vart dregen opp bakken med handkjerre og ein wire. Dei ferdige stolane vart lakka i kjellaren på bustadhuset før dei vart pakka to og to i gråpapir. Vidare vart dei trilla nedatt bakken på kjerre, og frakta ut til kundane med bil eller rutebåten som la til kai like nedanfor. Han forsørgde familien på seks ved å drive denne stolproduksjonen. Kjelder: Sandal, P. (1978). Soga om Gloppen og Breim. Sandane: Gloppens Sparebank., og far min som kjende Hans, og hjelpte til med å frakte materialane opp til huset då han var gut.


Inspirasjon til dette har eg funne på fleire sider som beskriv arbeid av ulike designarar

Clair-Anne O`brien
På heimesida om henne står det: Claire-Anne er ein tekstil-designer som har spesialisert seg på strikking.
Opphavleg er ho frå Irland, og er nyleg uteksaminert ved Royal College of Art [2010], med ein master i tekstilar.

Arbeida hennar leikar med teknikkar og målestokk når ho skaper leikande og taktile tekstilar til interiør. Denne skulpturelle tilnærminga til tekstilane gjev tekstilane liv i tre dimensjonar gjennom form, utforsking og møblar.




Bildet viser nokre av krakkane ho har laga. Meir om henne og arbeida hennar kan du finne på http://www.claireanneobrien.com/index.php?/work/knit-stools/
På den sida fann eg også denne stolen:



På Ei anna side fann eg bilde av møblar som Melainie Porter har strikka trekk til:


Om Melainie Porter:



Etter å ha jobba 10 år som designer av strikkemønster for fleire internasjonalt kjende motemerke, flytta ho ekspertisen sin over til møblar i 2008. Ho lagar no moderne design ut av antikvitetar, som ho får tak i på auksjonar og marknadar omkring i England.

Ho er utdanna ved det prestisjetunge Central Saint Martin’s College. Melanie sin evne til å skape utsøkte strukturstrikka stoff, som er alle individuelt strikka og/eller filta til det enkelte prosjektet, har vekt merksemd frå kundar og presse frå heile verda.

Kvart prosjekt startar med grunnramma. Alt frå viktorianske stolar til eit gamalt tilfeldig bord vert nådelaust ribba før det vert gjenskapt eller stoppa opp att vedbruk av tradisjonelle teknikkar. Dette banke lerretet vert så dekt av fleire handstrikka deler/panel.

Melanie tek seg av heile prosessen sjølv, og alt arbeidet vert utført med hand. Resultatet av dette utruleg arbeidskrevjande prosessen vert fantastiske og unike arbeid til kunst, bestemt til å bli eit møbel familieklenokium

Melanie sine arbeid vert no selde over heile verda, inkludert Lane Crawford i Hong Kong og Wolf & Badger i London http://melanieporter.co.uk/.




Ein tredje variant til strikking som element i redesign av stol var dette. Utrulig kva ein kan få ut av ein trasig hagestol i plast!


Slik kan dei vere under.......

http://www.studiogblog.com/shop-for-garden-products/accessories/the-knitted-chair-project/

Om designaren Yuvinia-Yuhadi:
Yuvinia er fødd i Indonesia,Men er nyleg utdannaDesigner i London  
Kvar av hennar individuelle handlaga trekka kan skjule dei fleste billige plaststolar, og skape den om til et unikt stykke samtidskunst. Ho Ho har starta ein omfattande interesse for denne kunstforma, og har publisert mønster til nokre av desse stolane. Trekka på bilda er, handstrikka av Talitha Kuomi fråMassachusetts, USA, som ein del av  ‘The Not-So-Ubiquitous Knitted Chairs’ project by Yuvinia Yuhadi  

Fann dette fasinerande bildet i ein blog. Måtte berre ta med det også! Arbeidet er ikkje utført av anerkjent designar, så vidt eg kan sjå, men tek det med likevel. Eg tykte det var innmari stilig!!









1 kommentar: