mandag 23. april 2012

Redesign av stol

Først av alt så fann eg ein annan stol enn den "blå" eg hadde. Dette fordi den blå trengde omfattande reparasjon av sitjeplata. Eg leita opp ein annan stol av same sorten, som ikkje hadde vore måla tidlegare. Fyrst av alt pussa eg grundig lakken med sandpapir. Dette for å fjerne ujamnheiter og for å få målinga til å sitje. Etterpå tørka eg bort alt støvet med ein fuktig klut.

Stolen vart så måla med grøn vannbasert matt måling, 2 strøk. Seteplata var losna frå stolen, så den måtte limast og skruast fast.

 Eg laga meg ein pappmal av setet for så å skjere meg ut ei pute til setet i skumgummi 5 cm tjukk. Eg laga og ei skumgummipute til å montere på ryggen av stolen. Seteputa festa eg fyrst med dunlerret som eg stifta fast under setet. Etterpå stifta eg fast ullstoffet. Dette stoffet har eg strikka sjølv ut i frå ei av skissene eg laga av stolen. Det er strikka i dobbelt Tove-garn og tova i maskin. Garnet var restar eg hadde liggande. Eg måtte tove det tre gonger før eg fekk den ønska tettheita i stoffet som eg ynskte. Stoffet til ryggputa sydde eg saman på undersida av puta og i sidene. Når det er sydd slik vil det halde seg på plass . Den øvste "fjøla" i ryggen har eg surra tråd rundt, og festa med decoupagelim. Den har eg også lakka stolen med til slutt, fordi den matte målinga var snar å sette merker i...... Denne lim-lakken har eg erfaring med at den tåler slitasje og beskyttar det som er under.

Bilder vert lasta opp i morgon : )

28.04-12
Har hatt ein del trøbbel med mine elektroniske hjelpemiddel, men prøvar no å legge inn ein enkel film som viser noko av det eg gjorde når eg laga til stolen.
Eg hadde fleire skisser til utforming av stolen, men enda på den som eg har laga. Grunn? Grønfargen er frisk og skarp som dei nye bjørkeblada om våren, og den er syrleg som dei grøne epla som var i hagen til bestemor...
Stolen har fått namnet "Friskus" og er inspirert av gyngestolen til Melainie Porter.
Her er skisser av et par av dei andre forslaga mine (litt dårleg kvalitet på bilda...)

Inspirert av Clair-Anne O`Brien

Også inspirasjon frå Claire-Anne O`Brien. Tekstur og taktil sansing er nøkkelord




1 kommentar: