onsdag 29. februar 2012

"Fribroderi" på strikk

Hei

Legg inn eit par collagar som eg har laga i Picasa. I går prøvde eg å laste inn diverse bilder, men får ikkje lasta inn meir enn eit par bilder før alt låser seg..... Når eg lagar desse collagane får eg vist meir utan desse problema. Den fyrste collagen viser noko av det eg har strikka medan eg har vore sjukmeld. Godt å gjere noko som viser igjen, -kan ikkje berre lese fag og skrive oppgåver....

Vottane på bilda har eg strikka i to fargevariantar. På dei svarte har eg brodert inn raude lus med maskesting for å "kvikke dei opp". Dei raude er slik mønsteret var. Som de ser er mønsteret nokså likt eit mønster eg tok detaljbilde av, på ei jakke på musèet på Kaupanger. Det oppdaga eg etter at vottane var ferdige :)

På dei to sittjeplatene "Mons" og "Tuppa", har eg brodert fjesa på underlaget med dobbel Tove. Desse skal seinare tovast lett i maskin . Eg har tenkt å bruke desse til inspirasjon i undervisninga i Kunst og handverk på mellomsteget. Gode modellar til inspirasjon er viktig for å setje elevane i gang med kreative prosessar, slik eg ser det.

Teknikkar:
På "Mons": rundt augene, bartane og munnen til katten, har eg brukt forsting med slyng. Det brukte eg og til det grøne i augene. Nasen og det svarte i augene er plattsaum.

På "Tuppa": Eg hekla to rader med luftmasker i svart. Desse forma eg til rundingar og tråkla på til auge. Resten av augene er laga i plattsaum. Det andre i ansiktet er strikka. Beina laga eg i ein kombinasjon av strikking og hekling.



Diverse strikk



Glimt frå musèet på Kaupanger.
Jakka eg tidlegare viste til viser i sin heilskap til venstre.









Lastar opp nokre bilder av ting eg har laga

1 kommentar: