lørdag 28. april 2012

Samling i veke17

Viser nokre bilder frå samlinga vi hadde denne veka. Hovudtemaet vi arbeidde praktisk med var farging av stoff og garn. Dei tre fyrste bilda viser korleis eg laga den fyrste prøvelappen. Eg bretta stoffet (silke) diagonalt begge vegar, festa to tvinger på og farga det. Det er vel kanskje den prøvelappen eg vart mest fornøgd med. Nem, - om ikkje dei andre lappane vart "tipp-topp", så lærte eg mykje av å lage dei og.










På slutten av dagen laga vi ei lita utstilling i gangen og prata om korleis vi hadde fått til dei ulike mønstera og effektane : )

Andre dagen farga eg dette:
Silkestoff. La inni eit tjukt snøre, rulla stoffet saman og knytte hartdt rundt med ein tråd. Synst det vart fine mønstereffektar på denne måten ; )

Eg som er så glad i å strikke måtte sjølvsagt dyppe eit par av nøsta eg hadde nedi sekken oppi fargebada! Det blågrå nøstet er Alpaca silk (50% ull alpakka og 50% silke, handvask). Dette var grått før eg dyppa det i blåfargen. Det skal eg lage pulsvarmarar av. Fine til dongeri!

Det andre nøstet er  naturfarfarga Sterk, (40% alpakka, 40% merino og 20 % nylon, superwash). Dette garnet er ikkje så glatt som det fyrste og det tok til seg fargen betre enn det grå. Har lært at dette heiter IKAT-farging, noko eg gjerne vil arbeide meir med seinare. Kva eg skal lage av dette fleirfarga garnet har eg ikkje funne ut enno...

Heilt på slutten lærte vi litt om korleis vi kan lage forskjellige handdukker og fikk sjå ulike modellar.







1 kommentar: