mandag 27. februar 2012

No er det lenge sidan eg har skrive noko her! Det meste av tida sidan sist har eg vore på en fot, etter at eg braut og måtte operere ankelen. Eg har likevel tenkt mykje på faget og på oppgåvene vi har fått. Arkitektur, Design/Redesign, Brodering, Teikning, Vev, Didaktikk osv. er ting eg har grubla på når eg ikkje har vore oppteken med norskoppgåver.... Mange tankar har eg gjort meg, og no er det på tide å skrive litt om dei her!


Arkitekturoppgåva

Lurer litt på korleis eg skal vinkle oppgåva mi.

Fyrst tenkte eg på å ta tak i kyrkjene i Gloppen. Her har vi Vereide kyrkje (steinkyrkje, 850 år eller eldre...), Gamle Gimmestad kyrkje ( ei langkyrkje frå 1692), Gimmestad kyrkje (trekyrkje frå ca 1910) og Sandane kyrkje ("arbeidskyrkje" frå 1990-talet). Men som vi ser kom eg berre til fire ulike....

Har og tenkt på fire ulike bygg i sentrum: gamlebygget på Firda Vidaregåande skule (med fellestrekk med Eidsvollsbygningen), Heradshuset, Firdatun (busstasjon frå 60-talet) og Gloppen Hotell i Sveitserstil. Her også kom eg berre til fire, og så stoppa det litt opp....

Designoppgåva

Har tenkt på å ulike muligheiter, men eg har vore så "flink" å rydde og sende vekk kle som ikkje er i bruk, at eg veit ikkje heilt kva eg har som utgangspunkt. I og med at eg ikkje er mobil til å leite etter dette enda, så ligg dette på is til eg har to bein igjen :)

Diverse

Broderingsoppgåva har eg to skisser av, -i tankane. Skal setje dei på papiret med det fyrste.... Vanskelig å finne symbol og uttrykk for det eg tenkjer, så her har det vorte mykje tenking! Tråd og stoff trur eg at e skal få tak i i ettermiddag, så kanskje det kan bli til noko i løpet av veka. Eg har brodert litt tidligare, og siste prosjekt var kvitsaum på bunadskjorte til meg sjølvfor eit par år sidan. Er ikkje montert enno, men krage og mansjettar er ferdige.

Veving hadde eg mykje når eg gjekk på Follo Folkehøgskole (i Vestby 1984-85), så det var kjekt å lese papira frå forrige samling. Det kalla fram gamle begrep og kunnskapar (og får meg til å føle meg utruulig gammal...). Det same med Arkitektu-arka som vart lagt ut frå Gunnar. Dei henta fram deler av det eg lærte i teikneteknikk på ingeniørhøgskulen i Trondheim  i 86-88. Ser at her vert det fleire turar på loftet etterkvart, for å friske opp i ting eg har jobba med før! Veldig kjekt og inspirerande! Det som er mindre moro er å ikkje kunne delta på samlingane, men reknar med at eg er tilbake for fullt på dei siste samlingane! Kjenner kor iveren stig når eg skriv dette. Må berre vere tålmodig og optimistisk mens eg sitte her, så går det seg nok til!

Har strikka en del desse siste vekene, og ser at eg har brukt mønster omlag det same som på ei jakke eg tok bilde av på museet på Kaupanger. Skal legge ut bilder av det seinare i dag (manglar ein kabel akkurat no...)

Didaktikk

Hadde in lang og god samtale om dette emnet med Ingunn på gruppa, før i dag. Diskuterte fleire aktuelle problemstillingar. Dette kjem eg tilbake til seinare, då vi må snakke med Tove også, og høyre kva ho tenkjer. Har printa ut læreplanen og lese litt, så får vi sjå kva vi kjem fram til etterkvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar