mandag 4. juni 2012

Redesigna stol til bruk i skulen, og utprøvingar


I Læreplan for kunnskapsløftet, LK 06, er det gjeve fleire lærigsmål i kunst og handverk, innan område design. Ein del av desse kan knytast til prsjektet mitt med å redesigne ein stol. Eg henta inspirasjon frå fleire internasjonalt anerkjende designerar på området. Desse har eg skrive om tidlegare i bloggen min. Eg tenkjer at stolen min kan fungere som inspirasjon for elevane i eige arbeid.

Etter 7 årstrinn står det mellom anna at eleven skal kunne:

Ø  lage enkle bruksformer i ulike materialer og kunne gjøre rede for sammenheng mellom idé, valg av materialer, håndverksteknikker, form, farge og funksjon

Ø  benytte ulike teknikker til overflatebehandling av egne arbeider

Ø  bruke symaskin og enkelt elektrisk håndverktøy i en formgivingsprosess

Ø  bruke ulike sammenføyningsteknikker i harde og myke materialer (Saabye, 2011).

Å invitere alle elevane i ei heil 7. klasse til å ta med seg stolar eller liknande heimanfrå for å redesigne dei på skulen trur eg er å satse litt for høgt. Elevane har enno avgrensa med kunnskapar på mange område.

Ei oppgåve eg har prøvt ut med elevar på 7. trinnet er at dei får lage ein krakk. Dei må sjølve velje kva form, farge og dekor krakken skal ha. Einaste føringane som vert lagt er at dei får fem delar av hobbyplate som er i rette lengder. Desse er kappa opp på førehand, så det vert eleven si oppgåve å finne dei rette delane for at det skal bli ein krakk. Dette er utfordrande for mange, då dei fleste aldri tidlegare har laga noko liknande.



Dei teiknar forslag til utsjånad til krakken og lagar malar i papir/papp til dei ulike delane. Lærar sagar ut den påteikna forma slik at eleven kan file og pusse delane grundig før montering. Dette vert av nokon oppfatta som kjedeleg, men med vegleiing lærer elevane seg til å kjenne etter at det ikkje er hakk eller fliser igjen på delane. Treet skal kjennast mjukt på alle sider! Eleven må vidare måle opp kvar det skal skruast og bore hol for skruane i sete og sider på krakken. Vidare skal den både limast og skruast saman, slik at den vert sterk og kan brukast. Monteringsarbeidet må elevane samarbeide om for å få delane rett saman. Det er fin trening å jobbe saman to og to med dette.

Eleven vel vidare kva overflatebehandling og dekor han vil ha. Overflata kan vere trekvit om det høver til dekoren, laserast eller målast. Dekor som dei kan velje mellom er sviing med sviapparart, måle dekor, stemple med måling, lime på dekor med collageteknikk, eller overføre bilder med art-medium. Krakelering, pussing med sandpapir eller patinering kan og gjerast for å oppnå ulike effektar. Dei fleste teknikkane eg har nemnt har elevane vore borti på tidlegare trinn, så no vert det opp til eleven å finne sitt uttrykk. Heilt til slutt vert krakkane lakka for å beskytte dekoren.



Slik kan det bli...
Knytt til eit slikt prosjekt kan ein så utstyre krakkane med puter som elevane lagar. Dei kan strikke av ulike typar restegarn med ulik struktur, dei kan strikke og tove slik eg har gjort på min stol, eller dei kan ta avlagde plagg som dei syr puter av. Her kan dei gjerne bruke symaskin for å få gode saumar. Gjennom eit slikt prosjekt lærer elevane seg mange teknikkar, og det er med på å oppfylle alle dei ovannemnde læringsmåla.


Modell med strikka "pute"

Eksempel på korleis ein krakk kan bli. Denne er inspirert av ”Fantestolen”, ei av skissene til redesign av stol. Puta på stolen er ein prøvelapp på korleis ein kan få til eit stødig strikkastoff til bruk på stol. Den er strikka med dobbelt grått krøllgarn saman med ein svart bommulstråd. 22 maskar i breidda (bør vere breiare til krakken), pinnar nr 4, rillestrikk til passe lengde. 

I framgrunnen er det klossar med prøver på overflatebehandling. Eg har tynna ut vassbasert måling med vatn for å få den transparente lasur-effekten. Prøvde både med grå og svart og konkluderte med at den tynnaste grå lasuren gav dei beste effektane.På denne modellen har eg ikkje laga dekor. Dette fordi elevane ikkje skal binde seg for mykje til det ser, men skape sitt eige uttrykk.

Har også strikka ein prøve på ”smultring” til smultringstolen og band/snorer som kan gå mellom dei (som på den grå og den kvite i framgrunnen). Garnet eg brukte til smultringen er babyull. Offwhite, enkelt garn, p. nr. 2,5, rillestrikk. Eg brukte dobbel Babyull og p.nr 2,5 til å strikke banda .

Krakkane til Clair-Anne O`Brien

Strikkeprøve til "smultring" og band

Lenkje til instruksjonsvideo for strikking av band:
 Har brukt den i undervisninga på 7. trinnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar