lørdag 9. juni 2012

Redesigna lykter

Eit lite eksempel på prosjekt i redesign der eg har trekt inn kunnakapar frå siste samlingane. I 6. og 7. klasse har vi laga lykter til bruk på milde sommarkveldar. Vi tok med nokre av dei på overnattingstur nyleg, og ved midnatt tende vi lys i dei :-)

Vi har laga hankar av streng og dekorert med perler. På metallboksane banka dei inn motiv med hammar og spikar. Elevane tykte det var utfordrande å få hankane til å sitje fast, særleg på glasa, men etter litt prøving og feiling fekk dei alle det til.


Eksempel på lykt av blikkboks

mandag 4. juni 2012

Elevarbeid i arkitektur






Viser her nokre elevarbeid som "mine" elevar laga nyleg. Dei gjekk på fotosafari i nærmiljøet, for så å måle husa de i"fann" på fat dei hadde laga av leire.

 

  

Presentasjon i Arkitektur




Dei fem bygga / stilartane som eg presenterer har eg henta frå nærmiljøet. Alle utanom kyrkja ligg i Sandane sentrum, innan ein radius på omlag 300 m. Det er bygg som alle har eit forhold til og ser i kvardagen. Slik er dei lette å knyte kunnskapane til. Her er bygg som er oppførte frå 1100-talet og fram til 2011. Stilartane eg presenterer er Romersk rundbogestil, Nyklassisismen / Klassisismen, Sveitserstil og moderne bygg. Dei aller fleste bilda her eg teke sjølv, og laga ein collage av dei. Med utgangspunkt i det kjende og nære har eg trekt trådane utover til andre liknande bygg med fellestrekk, eller til kjende bygg på nasjonalt nivå. Dette utvidar horisonten og er med på å setje det lokale inn i ein større samanheng.


Med faktaark om bygga / stilartane blir det omlag slik

Fordelen med at lerretet er firedelt gjer at ein kan ta fram ein og ein stilart / bygg i undervisninga, -eller ein kan presentere det samla som på bildet. Målgruppa eg tenkjer er mellomsteget, ungdomsskulen og evt foreldre.

Eg har sjølv lært utruleg mykje om desse bygga som eg ikkje visste på førehand. I løpet av desse månadene eg har jobba med prosjektet har eg lært meg å sjå bygga på ein heilt ny måte, utifrå deira historie og særpreg som eg ikkje var så bevisst på i kvardagen tidlegare. Eg har tileigna meg mykje ny kunnskap som eg gler meg til å formidle vidare til elevane.




Redesigna stol til bruk i skulen, og utprøvingar


I Læreplan for kunnskapsløftet, LK 06, er det gjeve fleire lærigsmål i kunst og handverk, innan område design. Ein del av desse kan knytast til prsjektet mitt med å redesigne ein stol. Eg henta inspirasjon frå fleire internasjonalt anerkjende designerar på området. Desse har eg skrive om tidlegare i bloggen min. Eg tenkjer at stolen min kan fungere som inspirasjon for elevane i eige arbeid.

Etter 7 årstrinn står det mellom anna at eleven skal kunne:

Ø  lage enkle bruksformer i ulike materialer og kunne gjøre rede for sammenheng mellom idé, valg av materialer, håndverksteknikker, form, farge og funksjon

Ø  benytte ulike teknikker til overflatebehandling av egne arbeider

Ø  bruke symaskin og enkelt elektrisk håndverktøy i en formgivingsprosess

Ø  bruke ulike sammenføyningsteknikker i harde og myke materialer (Saabye, 2011).

Å invitere alle elevane i ei heil 7. klasse til å ta med seg stolar eller liknande heimanfrå for å redesigne dei på skulen trur eg er å satse litt for høgt. Elevane har enno avgrensa med kunnskapar på mange område.

Ei oppgåve eg har prøvt ut med elevar på 7. trinnet er at dei får lage ein krakk. Dei må sjølve velje kva form, farge og dekor krakken skal ha. Einaste føringane som vert lagt er at dei får fem delar av hobbyplate som er i rette lengder. Desse er kappa opp på førehand, så det vert eleven si oppgåve å finne dei rette delane for at det skal bli ein krakk. Dette er utfordrande for mange, då dei fleste aldri tidlegare har laga noko liknande.



Dei teiknar forslag til utsjånad til krakken og lagar malar i papir/papp til dei ulike delane. Lærar sagar ut den påteikna forma slik at eleven kan file og pusse delane grundig før montering. Dette vert av nokon oppfatta som kjedeleg, men med vegleiing lærer elevane seg til å kjenne etter at det ikkje er hakk eller fliser igjen på delane. Treet skal kjennast mjukt på alle sider! Eleven må vidare måle opp kvar det skal skruast og bore hol for skruane i sete og sider på krakken. Vidare skal den både limast og skruast saman, slik at den vert sterk og kan brukast. Monteringsarbeidet må elevane samarbeide om for å få delane rett saman. Det er fin trening å jobbe saman to og to med dette.

Eleven vel vidare kva overflatebehandling og dekor han vil ha. Overflata kan vere trekvit om det høver til dekoren, laserast eller målast. Dekor som dei kan velje mellom er sviing med sviapparart, måle dekor, stemple med måling, lime på dekor med collageteknikk, eller overføre bilder med art-medium. Krakelering, pussing med sandpapir eller patinering kan og gjerast for å oppnå ulike effektar. Dei fleste teknikkane eg har nemnt har elevane vore borti på tidlegare trinn, så no vert det opp til eleven å finne sitt uttrykk. Heilt til slutt vert krakkane lakka for å beskytte dekoren.



Slik kan det bli...
Knytt til eit slikt prosjekt kan ein så utstyre krakkane med puter som elevane lagar. Dei kan strikke av ulike typar restegarn med ulik struktur, dei kan strikke og tove slik eg har gjort på min stol, eller dei kan ta avlagde plagg som dei syr puter av. Her kan dei gjerne bruke symaskin for å få gode saumar. Gjennom eit slikt prosjekt lærer elevane seg mange teknikkar, og det er med på å oppfylle alle dei ovannemnde læringsmåla.


Modell med strikka "pute"

Eksempel på korleis ein krakk kan bli. Denne er inspirert av ”Fantestolen”, ei av skissene til redesign av stol. Puta på stolen er ein prøvelapp på korleis ein kan få til eit stødig strikkastoff til bruk på stol. Den er strikka med dobbelt grått krøllgarn saman med ein svart bommulstråd. 22 maskar i breidda (bør vere breiare til krakken), pinnar nr 4, rillestrikk til passe lengde. 

I framgrunnen er det klossar med prøver på overflatebehandling. Eg har tynna ut vassbasert måling med vatn for å få den transparente lasur-effekten. Prøvde både med grå og svart og konkluderte med at den tynnaste grå lasuren gav dei beste effektane.På denne modellen har eg ikkje laga dekor. Dette fordi elevane ikkje skal binde seg for mykje til det ser, men skape sitt eige uttrykk.

Har også strikka ein prøve på ”smultring” til smultringstolen og band/snorer som kan gå mellom dei (som på den grå og den kvite i framgrunnen). Garnet eg brukte til smultringen er babyull. Offwhite, enkelt garn, p. nr. 2,5, rillestrikk. Eg brukte dobbel Babyull og p.nr 2,5 til å strikke banda .

Krakkane til Clair-Anne O`Brien

Strikkeprøve til "smultring" og band

Lenkje til instruksjonsvideo for strikking av band:
 Har brukt den i undervisninga på 7. trinnet.

Tur til Ålesund

I påska var eg på tur til Ålesund i lag med familien og vår italienske student som budde hos oss. I løpet av to dagar var vi innøm Jugendstil senteret, Galleriet Kuben, Hurtigruta, Fjellstua, Egon, og vi vandra gatelangs og såg på alle dei fine bygga i jugendstil. Kan absolutt anbefalast!! Veldig kjekt, - og relevant i høve til studiet vårt.

Limer inn nokre bildemontasjar med glimt frå turen. Nyt og bli inspirert!!

Frå bybildet. "Fiskergutten" på Apotekertorget på det største bildet.

Frå utstillingane i Jugendstilsenteret


Christoffer Svendsens utstilling " O`du som mette liten fugl"

Studietur

I mai var vi på studietur "rundt fjorden", og her kjem nokre små glimt frå den interessante og lærerike turen : )


Studietur i Nordfjord










Bygging av modell av Firdatun

Hei igjen! På tide å legge inn litt dokomentasjon av arbeid igjen. Har fått ferdig modellen min Firdatun. Denne bygningen vart ført opp i Sandane sentrum tidleg på 1950-talet etter teikningar av Connie Henden frå Førde. Den vart ført opp som busstasjon, med bensinpumper for tanking av bussane til Firda Billag, som var einerådande på marknaden på den tida. I andre etasje var det innreia for cafèdrift; Karikafeen. Bygget er no sett i stand av pensjonistane i bygda. I fyrste etasje er det utsal av handarbeid og brukskunst- gjenstandar laga av lokale pensjonistar, og der er cafè. I andre høgda er det laga til selskapslokale for utleige, der det iblandt vert arrangert Kunstcafè.

Bygningen er i typisk funkisstil. Bilda under viser Firdatun frå ulike vinklar:

Inngangsparti på nordsida

                                  

Fasade mot nordaust

Fasade mot nordvest

Fasade mot vest

Fasade mot sør

Fasade mot aust,
                                                                                            mot Heradsplassen/Sparebanken




Film frå bygginga av modellen: