onsdag 18. januar 2012

Inspirerande start!

Hei :)

So har eg òg oppretta blogg. Det virkar litt skummelt, men reknar med at den kjensla vil gje seg etterkvart.

I går kom eg heim frå fyrtse samlinga om Design og Arkitektur, full av inspirasjon til å starte opp siste del av utdanninga i kunst og handverk. Fyrste del, i Kunst og Visuell kommunikasjon, tok eg på Sandane i 2009/2010. Kjekt å kome i gong igjen, og eg gledar meg til å starte på oppgåva som vi fikk. Eg tok nokre bilder på skulen i går, så når eg har funne ut korleis eg overfører dei frå den nye telefonen min skal eg legge inn nokre bilder her :)